Page 4 - Solidaviso 2019
P. 4

     4
            Maren Mättäla er kvalitetsklubb-ansvarleg i Solid og EMS ambassadør.
Eat Move Sleep Ambassadør
Me prøver å inspirera både til bevegelse og god mat og drikke, her frå Utslettefjellet.
  Tekst Maren Mättäla
IL Solid blei også i år valt ut til å vere Eat Move Sleep Ambassadør.
Det vil sei at me ikkje berre er ein cup-arrangør, men me har fokus på heilskapen: Kosthald, fysisk aktivitet og søvn. Viktige kvar for seg, men saman er des- se avgjerande for helse, trivsel og fokus.
Me brukar alle anledningar til å få ut denne informasjonen ut til våre medlemmar, Solid-vener og lokalsamfunnet. Gjennom aktiv informasjonsdeling på sosiale medium og i møte med trenarar, foreldre og born. Ved sal av mat og på tilstellingar der me stiller med mat, sørger me for å tilby eit balansert utval av mat.
Me oppfordrar spelarar i barne- og ungdomsfotballen til å bruka kroppen for å koma seg til å frå trening.
I år ønskjer me at spelarane på dei forskjellige laga saman blir einige om når ein legg vekk tele- fon eller nettbrett på tidspunkt, t.d. «Ingen likes etter 20». Dette for å sikra god nattesøvn. Reglar fungerer best når borna får vera med og påverka.
Nytt av året er at me deler ut fruktkorg til månadens Solid- venn. Ein god måte å markera at me set pris på innsatsen til dei fantastiske, friviljuge i klubben vår.
  I år er det 3 punkt som me er bevisste på:
MAT OG DRIKKE - før og etter
BEVEGELSE - til og frå
SØVN - skjermfritt soverom
         EAT - Mat og drikke er drivstoff for kroppen vår. Alt me et og drikk er med på å forma oss både fysisk og mentalt. Dess fleire riktige val me tek, dess betre responderer kroppen og hovudet.
MOVE - Kroppen ar laga for bevegelse. Dess meir den blir brukt, dess «flinkare» blir den. Fysisk aktivitet bidreg til betre søvn og held kroppen frisk og rask.
SLEEP - Me er heilt avhengige av søvn. Ei god natt søvn bidreg til betre humør, konsentrasjon og overskot. Det gjer oss
òg klar for utfordringane morgondagen byr på, anten det er på idrettsbana, skule, jobb eller fritid.
 















































































   2   3   4   5   6