Page 47 - Solidaviso 2019
P. 47

     47
              Rapport frå trenaren
               Årets herrelag er ei god blanding av rutine og ungdomleg pågangsmot, der eldste spelar nærmar seg 40 år og den yngste er 17 år.
Målsettninga for året er å unngå nedrykksstriden, og det skal me klare ved å vera ballspelande, organisert og godt trent. Det
skal ikkje stå på innsatsen i Hustrudalen sesongen 2019!
Mats Valvatne og Magnus Skulstad har denne vinteren meldt overgang til Stord Fotball, og me vil ønske dei lykke til i sesongen som kjem.
Me er glade for å kunne ønske Jon Einar Eilertsen og Reinert Petterteig velkommen tilbake til Solid. I tillegg har me fått to spanande overgangar i Heine Nysæter og Marcus Øvrevik, begge fra Stord Fotball.
Me på herrelaget til Solid håper på støtte frå deg, og ser fram til å sjå deg i Hustrudalen sesongen 2019!
Mvh
Marius Monsrud Trenar, Solid Herrelag
   Marius Monsrud (29 år) Trenar
Ole Morten Lie (38 år) Forsvar / Hjelpetrenar
John Andre Njåstad (29 år) Keeper / Hjelpetrenar
Levent Smakiqi (23 år) Keeper / Hjelpetrenar
Line Marie Hansen Oppmann
Roger Hansen Oppmann
          Solid/Fitjar G19
Solid/Fitjar er eit samarbeidsprosjekt
på juniorsida mellom klubbane Solid og Fitjar. Det er ein blanding av rundt 7–8 Solidspelarar og 11 Fitjarspelarar. I tillegg har ein hospitert opp ein del G15 spelarar frå begge klubbane. Samarbeidet så langt har fungert veldig bra, og gruppa er både positive og treningsvillige. Me skal spela seriespel i 1.divisjon Rogaland der me vil
møte ein blanding av lokale sunnhord- landslag og nokre lag frå haugalandet. Kampane i årets sesong vil bli spelt i Hus- tredalen. I sommar er laget påmeldt til Dana cup i Danmark, noko både spelarar og støtteapparat ser veldig fram til.
Sondre Nesbø Aarland Trenar
  Bak frå venstre: Svein Arne Raunholm, Martin Tungland, Eivind Slettvåg, Bjørn Rune Lunde, Johannes Sandvik Midten frå venstre: Henrik Aasheim, Viktor Fjelltun, Øyvind Rydland, Kristian Træet, Daniel Skarpenes, Fredrik Mettala, Marcus Gerhardsen Framme frå venstre: Marius Storebø, Birk Vestvik, Jacob Mehammer, Elias Westerheim, Kristian Habbestad, Joakim Fitjar













































































   44   45   46   47   48