Page 8 - Solidaviso 2019
P. 8

     8
           Den gode møteplassen
Tekst og foto - Lars Mæland
Dei tenkjer slettes ikkje berre idrett entuasiastane IL Solid. -Me ønskjer oss eit anlegg som skal vera ope for alle, dei fleste timane i døgeret, med eit mangfald av tilbod som gjer at dette blir samlingsplassen me treng i bydelen vest.
Fullt forsvarleg
-Me ligg eit år etter den fram- driftsplanen eg håpa på då me snakka om dette til fjorårets Solidavis, men eg har like fullt tru på at me skal få til det me ønskjer oss; eit allsidig fleir- brukshus og eit anlegg – kall det gjerne 24/7 anlegg der det ikkje berre skal vera skule og idrett, men sunn kiosk, bibliotek og anna som gjer dette til ein samlingsplass det er naturleg å
«Rett og slett ein samlingsplass for heile bydelen,
på tvers av alder, interesser, ambisjonar...»
søkja til for alle. Rett og slett ein samlingsplass for heile bydelen, på tvers av alder, interesser, ambisjonar, og både organiserte og uorganiserte aktivitetar. Det er denne type anlegg Norges Idrettsforbund peikar mot i den nye handlingsplanen sin. Visste du at e-sport er den raskast veksande aktiviteten i Norges Fotballforbund? Me vil leggja
til rette for denne greina, og me
er glade for at kommunen stør tanken om eit Newton-rom i anlegget. I staden for å gå for tradisjonelle løysingar ønskjer me å sjå framover å laga noko som vekkjer merksemd langt ut over kommunegrensene. Me meiner her er ein unik sjanse
til å laga eit anlegg folk kjem langvegsfrå for å sjå og læra
av. Då må ikkje dei folkevalde og administrasjon berre leita etter måtar å knipa inn og kutta, eg meiner det er fullt mogeleg
å få den samlingsplassen me ønskjer oss og finna forsvarlege økonomiske opplegg for å
få dette til. Og då både med
25 meters sømjebasseng, basishall og klatreanlegg på plass, understrekar Leif Ottar Heimro, Solid sin representant i prosjektgruppa for nye Nysæter ungdomsskule med tilhøyrande idretts- og kulturanlegg.
Fungerande leiar i IL Solid, Karl Olav Gravdal (t.v.) og Leif Ottar Heimro, medlem i prosjektgruppa, meiner
det er fullt mogeleg å finna løysingar som gjer at både idretten, kulturen og skulen får eit anlegg som kan vera den møteplassen ein har etterlyst lenge i denne delen av Stord.
  Der politikarane i Stord har gitt beskjed om at adminstrasjonen må kutta kostnader og anlegg, vil Karl Olav Gravdal og Leif Ottar Heimro i IL Solid snu på flisa,
og finna fram til måtar å skaffa pengar til det bydelsanlegget dei meiner Sagvåg og Litlabø treng og fortener. Ei undersøking blant dei unge for nokre år sidan, gav eintydig melding om at det dei ønskjer seg aller mest er ein samlingsplass.
Framtidsretta
Dette er ei investering for framtida. Me ønskjer å vera framoverlente, og vil peika på at det er no me har sjanse til å byggja eit anlegg som me kan ha glede av i 50-60 år framover. Då blir det for defensivt å lena seg på gårsdagens løysingar med ein tradisjonell hall og eit tradisjonelt skulebygg. Me vil opna opp for eit oppvekstsenter med ulike aktivitetar, di fleire
di betre, noko som kan vera samlande og gje rom for vekst. Og då like mykje for dei som
er opptekne av kor og korps
som for dei som er opptekne
av fotball, handball, klatring og andre idrettar. Vinnarutkastet
til arkitektfirmaet Vis-A-Vis inneheldt det meste av det me ønskjer oss, og der amfiet var hjarterommet og på mange
vis pulsen i bygget med kort avstand til undervisning, musikk, bibliotek og andre kultur- aktivitetar, til tekstil og form- gjeving, og til idrett. Kort sagt, treffplassen både i skuletid
og fritid. Gjer ein noko med hjarterommet, slik det no kjem forslag om, tek ein vekk mykje av ideen bak vinnarutkastet. Me meiner tala administrasjonen har lagt for kostnader for skule, kultur og idrettsanlegget på
«Me vil opna opp for eit oppvekst- senter med ulike aktivitetar, di fleire di betre...»
Nysæter både er for høge og
for upresise, mellom anna når det gjeld tilskot av spelemidlar og momskompensasjon, og at det er rom for å finna støtte frå andre hald enn det ein har peika på så langt. Det viser erfaring frå andre stader, seier Solid-duoen.
Milliontilskot
Gravdal er fungerande leiar
i idrettslaget som rundar 75
år neste år, han har nyleg
skrive brev til kommunen der idrettslaget forpliktar seg til å yta to millionar kroner i direkte tilskot til nyanlegget, med lovnad om meir.
-Me vil yta våre bidrag både i form av reine pengar, og med omfattande dugnadsinnsats. Det er stor entusiasme i idretts- laget for tida, der mange frivillige gjer ein stor jobb med
å leggja til rette for trivsel
og aktivitet i denne delen av kommunen. Eg er redd ette positive vil dabba av får me ikkje det anlegget me har venta på så lenge, seier Karl Olav Gravdal.
  


























































   6   7   8   9   10