Page 11 - Solidaviso 2019
P. 11

              Fair Play
– fotballgruppa i Solid
Tekst: Anne Mari Vestvik Matre
F otballgruppa i Solid har i mange år hatt fokus på
Fair Play, og for nokre år sidan oppretta me eit Fair Play-utval i klubben.
Fair Play handlar om respekt og korleis me oppfører oss mot kvarandre – både på og utanfor banen, og alle vert oppfordra til å oppføre seg i god «Fair Play- ånd».
Det gjeld både dei aller yngste, ungdomane og dei eldste - lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Me jobbar for at det skal vera kampvert på alle kampar som vert spela på heimebane i Hus- trudalen.
Kampverten har på seg gul vest og skal t.d. sørge for at bortela- get blir godt mottatt når dei kjem for å spela kamp.
Når det er kampvert til stades vert det og ein ekstra tryggleik for unge dommarar.
Før kampstart er det eit kort Fair Play møte kor desse tinga vert gjennomgått.
Fair Play-utvalet i Solid kan vera til hjelp i saker som er utfordran- de å løysa på eiga hand.
11
    I utvalet er det fire personar: f.v. Anne Mari Vestvik Matre, Kjersti Storesund, Monica Saue og Lise Karin Aarre (leiar).
 Møt opp!
• Presis, motivert, engasjert
og interessert
• Meld frå ved forfall
• Fullfør sesongen Oppfør deg!
 Inneverande år har Fair Play-utvalet vore med på dette:
• Fair Play møte med ungdomslaga
• Info om Fair Play på trenar- og oppmannsmøta
• Delteke på foreldremøte og snakka om Fair Play og «foreldrevett»,
• Delteke på Klubbkonferansen
• Hatt ekstra møter/oppfølging med lag som av ulike grunnar har hatt behov • Delteke på møte om kvalitetsklubb i regi av kretsen
    IL SOLID Fotball ønsker alle born i alderen 6-12 år (født 2013-2007) velkommen til
Tine Fotballskule 2019
Tid : Mandag 24. Juni – Fredag 28. Juni
Klokkeslett : 10:00 – 14:30
Stad : Nysæter Kunstgras
Pris : 850,- per deltaker. Yngre søsken betaler kr. 600,-
Inkludert i deltakaravgifta er lunch m/Tine drikke, T-skjorte, fotball og Tine sekk.
Påmelding: Sjekk heimasia vår; www.ilsolid.no Påmeldingsfrist : 21. Juni
Ved evt. spørsmål, kontakt Roger på telefon 90892006
     
































































   9   10   11   12   13