Page 2 - Brosjyre_21x25 190318
P. 2
FURENE
SAMFUNNSAKTØR
OG PROFESJONELL
LEVERANDØR
Dei fleste kjenner oss som ei Arbeids- og inkluderingsbedrift, som leverer
tenester på oppdrag frå NAV. Kvart år nyttiggjer om lag 800 personar på
Søre Sunnmøre seg av våre arbeidsretta tenester for å avklare, eller styrke
seg i høve til arbeidslivet. Dette skjer anten gjennom ei arbeidsutprøving ute
hjå ei av dei mange samarbeidsbedriftene våre, eller internt i Furene. Ofte
resulterer desse arbeidsutprøvingane med ei tilsetting i ekstern verksemd.
For enkelte andre kan løysinga verte eit opplegg av meir varig karakter i ei
av våre eigne avdelingar.
Mange av dei som besøkjer oss for fyrste gong vert overraska over mangfaldet
i bedrifta. Ein vanleg kommentar er at «-ditte må vere den best skjulte
hemmelegheita på heile Sunnmøre»
I denne brosjyra ynskjer vi å gi deg som kunde, og- eller samarbeidspartnar
ei oversikt over kva vi kan tilby. Alle våre leveransar er kvalitetssikra av tilsette Eldor Skeide
med høg fagkompetanse. Vi vektlegg å vere ein truverdig og seriøs leverandør, Administrerande direktør
som konkurrerer på like vilkår i marknaden.
Ta kontakt med ein av våre avdelingsleiarar om du vil ha meir informasjon,
eller for å avtale eit besøk for å bli betre kjent med oss.
2