Page 14 - Solidaviso 2019
P. 14
14
Frå venstre på banen: Tørres, trenar Brita og Silje
Solidstjernene strålar framleis
For eit drygt år sidan gjekk startskotet for det ferskaste laget i Solid fotball – Solidstjernene. Det er eit tilrettelagt lag for barn og unge som har lyst til å spela fotball utanom den vanlege serien.
Det finst faktisk ein eigen stjerneserie i Hordaland. Enno har ikkje Solidstjernene delteke i denne, men under Eat Move Sleep-cupen i år kjem andre stjernelag til Stord og Solidbana for å spela ein serierunde her, for første gong.
– Det er veldig kjekt å spela fotball, seier Mari Almås
Saue (14). Ho har vore med i Solidstjernene sidan starten.
– Det er veldig travelt, eg har både gym, fotball og karate på ein dag, men det er kjekt, seier ho.
Pappa Frode Saue har delteke på trenar-/lagsamling for Stjerneserien i Hordaland, saman med Svein Fylkesnes, som er ein av trenarane for laget.
– Det var veldig kjekt og infor- mativt. Me fekk sjå kor mange lag som finst, og ikkje minst kor mange som støttar opp om laga – det er mange eldsjeler der ute, fortel han.
– Det var også svært lærerikt
å få med seg denne samlinga, me lærte mykje om korleis me best kan støtta opp om laget, og korleis me skal kle oss og oppføra oss om me skal vera ledsagarar på banen, fortel han vidare.
Daniel Hovland (15) likar òg å spela på Solidstjernene.
– Eg synest alt er kjekt, både oppvarming, å spela fotball, og å delta på cup, seier han.
– Det er kjekt at eg har blitt kjent med mange nye folk, og eg gler meg til at laget skal spela kampar og cupar igjen!
Solidstjernene trenar for tida kvar tysdag kl 17-18. Inne i gymsalen i vinterhalvåret, og ute på Solidbanen i sommar- halvåret. Har du eller nokon
du kjenner lyst til å bli med på Solidstjernene? Det er berre å ta kontakt med oppmann Hege Myklebust på 928 16 136 eller hmy@hvl.no
Frå venste: Daniel Hovland og Mari Almås Saue
RELIABLE SOLUTIONS
advantecgroup.com
innen utvikling og sammenstilling av høyteknologiske produkter og tjenester for
det globale olje- og gassmarkedet. Vårt hovedkontor på Stord grenser mot
Nordsjøen strategisk plassert mellom olje- og gassbyene Bergen og Stavanger.
ADVANTEC er et internasjonalt teknologi- og servicekonsern med lang erfaring