Page 16 - Solidaviso 2019
P. 16
16
«Trenerveilederen»
–en stor suksess!
Øyvind Hansen har i nokre år vore heldig og halde grasrottrenar-kurset for NFF Hordaland. Kvar gong stiller han spørsmålet «Kva kjenneteiknar ein god trenar?». Det første som kjem opp er «Ser alle».
Den som ser trenaren
Den største motivasjon for å vera trenarrettleiar i Solid er at dei skal kjenne at det er nokon som er der for dei, og som er interessert i å høyre om den gode kampen dei hadde førre veke, eller den gode treninga dei nettopp hadde.
– Eg ønskjer å bidra til at
dei trenarane som vil skal få jamnt, fagleg påfyll ved hjelp av trenarforum og samtalar.
Eg ønskjer å hjelpa til slik at trenarane i vår klubb synest det er kjekt å ha dette ansvaret.
I 2016 starta Øyvind i rolla som trenerrettleiar. Starten bar preg av å bli kjend med alle trenarane i klubben. Etter
«Mi rolle som trenarrettleiar i klubben er å sjå trenaren. Slik ønskjer eg både å motivera, samt å rettleia slik at dei kjenner seg meir klar ute i felt»
dette har det vore arrangert trenarforum med ulike tema, som til dømes «kampleiing», «treningsplanlegging», «korleis inkludera keeperen», samt case-arbeid der deltakarane diskuterer ulike situasjonar som kan oppstå i trenarkvardagen. Eit døme her er «Kva gjer ein om ein utøvar ikkje vil spela kamp?». –Ved å vera trenarrettleiar i Solid, har eg sjølv fått sjans
til å utvikla meg saman med trenarane gjennom trenarforum og gjennom gode samtalar
ute i felt. Eg har vore med som hjelpetrenar, trent trenarane for å inspirere, og eg har «steppa» inn som vikar om det har vore trong for det.
Trenarrettleiar Øyvind Hansen i Solid IL han tek hand om trenarane i klubben. Her er han instruktør på Grasrottrenar del 2, med deltakarar frå Trott, Bremnes og Solid.
– Mi rolle som trenarrettleiar i klubben er å sjå trenaren. Slik ønskjer eg både å motivera, samt å rettleia, slik at dei kjenner seg meir klar ute i felt. Eg har sjølv hatt same ansvaret i mange år og ser verdien av å
ha personar rundt meg som eg kan snakka med. Nokon som tek seg tid til å observera kva ein gjer ute i felt og som er vilige til å høyra om kvifor ein gjorde det slik.