Page 15 - Solidaviso 2019
P. 15

     15
           Cup-eventyr 2018
      Dana Cup 2018
Det var ein spent gjeng med kjekke jenter
og gutar som satte kursen sørover mot Kristiansand og Color Line tidleg laurdag morgon. Då dei kjem til Fyrklit feriesenter laurdag kveld er det laga klart romfordeling og mat i alle kjøleskap. Godt å endeleg vera her!
Det spesielle dette året er at det berre er eit lag frå Solid som reiser til Dana Cup, det er eit blanda lag med både gutar og jenter på 14 og 15 år, og med seg har dei òg to gutar på 12 år for å kunne stilla lag. For gutane er det første gang dei er med på Dana Cup medan jentene var med året før men reiste då saman med fleire lag frå klubben. Det er berre eit par ungdomar som ikkje har foreldre med seg sørover og dette var veldig kjekt å kunne ha det sosialt for foreldregruppa saman med ungdommane. Solid har som tradisjon å ha felles grilling men då det var grillforbud pga tørke laga me til ein pizza-kveld for alle som reiste nedover, både store og små. Dette vart ein kjekk kveld for alle som var med.
Forventningane til å komma vidare i gruppe- spelet har me lagt litt vekk då me veit nivået kan vera høgt, og me hadde fokusert på at
dette skulle vera ein tur med mykje sosialt, latter, humor og glede. Det viste seg at det vart litt meir prestasjonar på banen enn det som var forventa og dei spelte godt! Alle kjempa så godt dei kunne og skal vera stolte av seg sjølv! Det blei ei fantastisk veka på Fyrklit feriesenter med sommar og sol, mykje sosialt, bading, Fårup Sommarland, trening, kampar og ikkje minst dei gode måltida matmødrene Ingvild og Line diska opp med.
Dette er ei veka jentene, gutane og ikkje minst foreldra vil hugsa lenge. Tusen takk for ei fantastisk veka saman med flott og kjekk ungdom!
Lene L. Clausen
Voss Cup - G-2006
15–17 juni 2018 var G2006 på Voss Cup. Dei blei innlosjert på Vangen skule midt i Voss sentrum, så dei hadde kort avstand til alt som skjedde. Dei spelte 4 kampar der det blei både siger og tap. Mange føresette tok turen til Voss og me hadde difor ein god heiagjeng på sidelinja. Den eine kampen blei live- streama med kommentator på BA sine nettsider, og då kunne òg dei heime følge med. Utanom kampane nytta gutane seg av cupen sine sosiale arrangement som discotek, hoppeslott og bading.
Bak frå venstre: Vidar Sætrevik, Odin Kristensen, Kristian Aarre, Andre’ Helland, Marius Vatle-Dahl, Lise Karin Aarre Framme frå venstre; Marius Hsuge Sætrevik, Styrk Austefjord, Mathias Larsen Clausen, Abdelrahman Siyam, Noah Carruthers.
Fitjar Cup G-2011
Var ein kjekke dag i strålande vêr!
Frå venstre: Isak, Thobias, Lukas, Zain, Vincent, Benjamin, Ørjan og Ignacy.
       TLF 534 56 090
Me støtter framtida,
dagens born og unge. Heia!!
















































































   13   14   15   16   17